abcd
GOLDALEN: Svanetiske fjellsider er laga for lange telemarksvingar. Alle foto: Bård Basberg
På ski i Æventyrland
21.09.17 / Sondre Loftsgarden
Vi dro til Georgia på sporet etter Hamsun, sojvetiske tanks og firetusenmetersfjell.

Eg sit i eit tog som verkar som ei tidsmaskin frå vesten og inn i levningane etter Sovjet. I vogna mi sit eit anna folkeslag, vêrbitne og tærde. Einslege, svartkledde, gamle kvende, og karar som i snitt døyr ved det som er inngangen til ein norsk pensjonsalder. Dei ser gamle ut, etter korte liv med hard alkohol- og tobakksføring. Forbi vindauge driv bøndene sine krøter og heile reisa er fylt med kyr som streifar rundt i gatene.­ Den skarpe sola blenkjer i ei rifle, hengande rundt halsen på ein mann som sit og søv i eit av vakttårna langs jernbaneovergangane. Eg trur stadigt me er utanfor bebudde område, men så dukkar einslege, slitne, grå bustadblokkar opp att. Dei ser fyrst fråflutte og ruinliknande ut, men då toget kjem nærare, ser eg korleis dei er plastra med parabolantenner og frodig bebudde. I bakgrunnen skimtast høge, kvite fjell, og med eit hovud fylt av skikøyring er dette dopamin, då eg veit at terrenget berre blir villare dess lenger nord me kjem. Toget går no vest mot Svartehavet med den vesle kaukasiske fjellkjeda bakom oss, før me skal nordover og inn i øvre Svaneti ved den store kaukasiske fjellkjeda.

LES OGSÅ: Over tåka i Slovakia

Saman med fotografen Bård Basberg og eit solid pressekorps er eg invitert med på ei reise til eit fjernt område nord i Georgia, Svaneti. Midt i Kaukasus har ein nordmann blitt medeigar i eit hotell så avsidesliggande og langt nord ein finn bufaste før grensa til Russland. Landet kjenner eg hittil berre frå oppslag om krig og urolegheiter, og det er i eit ski-perspektiv for meg eit blankt ark. Etter eit kort søk om topografi og skikøyring i Kaukasus, var eg snar med å melde meg med, og i løpet av ei veke skal me bli kjende med den eksotiske skikøyringa som skal vere heilt eigen. Men eg undrar på om den moderne skikøyringa vår kan integrerast i dei høge og kvasse svanske fjella som ber så mykje historie, og som har vore vitne til så mange traume, korleis vil dei lokale sjå på framferda vår? Svanerane er eit gamalt og stolt folk eg nødig vil trø på tærne, då eg ser for meg at det ikkje kjem til å bli med denne eine veka me no skal vere her.

 

I Zugdidi, ved togets endestasjon, går me ut og blir møtt av eit hav med drosjer. Etterspurnaden står ikkje heilt i stil med tilbodet, og då me etter ørtande gong forklarar at me har eigen buss, går sjåførane attende til sitt der dei står og heng rundt ein speleautomat. Sjåføren vår skal no ta oss den seiste køyreturen opp til hotellet, og han forsikrar oss om at bussen er godt skodd for fjellvegane – med sine slitne sumardekk. Han stoggar ofte undervegs for å rådføre seg om vegen, han har ikkje vore i Øvre Svaneti sidan han var born, men det skal visst ikkje vere nokon sak. Ved sidan av oss passerar kvardagsleg militære køyretøy og tanks, på ein hovudveg utan verken autovern eller grøfter­. Det er eit gjennomgåande bilete at styresmaktane brukar sine midlar på sitt eige sjølvbilete og ikkje folket ­– fasadane er moderne og flotte, men ofte tomme på innsida.  Bussen klatrar opp gjennom svingete vegar og det snør stadig tettare ettersom terrenget blir meir alpint. Etter fire timar tar me av inn på ein smal, gjørmete veg oppover Betsjvidalen med skilt om Grand Hotel Ushba fem kilometer lengre framme, men då me er på seiste bakketopp før hotellet på 1600 moh., gir buss og sjåfør opp. Det har kome 30 centimeter snø, så derfrå må me hentast av hotellets eigne firehjulstrekkarar.

«Vi mener at det lille hotellet vårt har den vakreste beliggenheten av alle hotell på jord», reklamerar hotellet med. No er tett snødrev og skodde alt me ser, og me spør kvarandre om kor fint det eigentleg kan vere. Ved inngangen til hotellet, som er på storleik med eit større norsk bustadhus, står Richard Bærug og ein ung svaner, Shako Margiani og helsar oss velkomne. Dei har saman fullført to ekspedisjonar der dei har som dei fyrste gått Svaneti rundt til fots om sumaren og på ski om vinteren. Desse eventyra har no blitt til ei tykk bok, og det er i høve denne boklanseringa Richard har invitert oss hit for å oppleve den nye heimen og leikestaden hans.  
Artikkelen fortset under!

 

Me vaknar til i eit kjøleg og mørkt rom. Bård og eg fekk rommet som ber namnet Ushba, etter det Matterhorn-liknande fjellet som tronar høgt over dalen. Fjellet skal visst vere austerisk etter at ein konge gav det burt til ei kvinne han syntes synd i då ho måtte snu før toppen under ein klatreekspedisjon i 1903.

Rommet er høgt under taket og asketisk i sin spartanske, kvite minimalisme. Vindauga er høge og ljose, med enkle glasruter og sprekkar ein kjenner vintertrekken gjennom, og straumen er burte, noko den stadig er ved store snøfall. Utan straum er varmtvasstanken kald, så vasken kan fort bli karakterbyggjande, men eg er ikkje her for å vaske meg.
– Straumen, den kjem nok att ut på dagen, seier Richard, med eit lett smil.
LES OGSÅ:  Her finner du et av verdens største pudderparadis

 Og eg undrar meg over kvifor dei ikkje lagar noko større nummer ut av dette, men då eg høyrer at ingen betalar for straumen, forstår eg at dei ikkje klagar. Under Sovjettida var straumen gratis og med få registrerte bustadar er dette noko som framleis heng att. Berre det gamle restaurerte hovudhuset her er i bruk, i det nye huset hundre meter nedanfor er alle rom moderne med eigne bad, men der har vatnet frose, så no delar alle gjestene på to bad. Det er uvanleg kaldt for denne tida, og me må la vatnet renne i springen så det ikkje frys der også, men trykket er dårleg, så ved toalettet står ei lita vassbytte til manuell nedskylling. Noko sjarmerande kanskje, men ikkje like triveleg når me er femten personar om det.
Artikkelen fortsetunder!

Det er noko universelt med lukten av nytrekt kaffe som får ein til å kjenne seg heime kvar enn det måtte vere. Då me kjem inn i stova, står Shako klar med kanna. Her er varmt og lunt med mura veggar, og ein enkel vedomn står midt på golvet som i ei norsk fjellhytte. På kjøkkenet står ein stor, gamal vedkomfyr dei lagar all maten på, og slike kjøkkenomnar har dei alle her, difor er ikkje straumen noko dei er avhengige av. Til frukost får me nysteikte, små pannekaker som liknar ferjesvelene me kjenner heimafrå, i lag med lokale gardsprodukt. Grove kornsortar syns dei ikkje bruke, så me får fint, kvitt brød til alle måltid og “kanskje verdens beste syltetøy” som kokka her lagar (hadde det ikkje vore for dei fakkings vaktene i den tbilisiske tollen, hadde eg framleis hatt det på skiva). Her er mest som ei stor familiebedrift, kvinnene arbeider i kulissene og på kjøkkenet, medan karane flyg rundt og ordnar det praktiske. Om ikkje luksusen er i “grand-klassa” er i alle fall maten og vinen god som nokon. Me får tre-rettars middag kvar kveld og åtti prosent av råvarene er økologiske og kjem i frå småbruka rundt om i dalen – det skal noko til å døy av svelt her.

Utanfor hotellet er det Svanetisk ski-meisterskap og det skal gåast fem mil for menn og tre mil for kvinner med start klokka ni, men det har kome mykje snø i natt så alt heng litt etter. Fyrst må dei køyre opp igjen den to og ei halv kilometer lange rundløypa med skuter og drog, og skuteren er gamal og sliten så ting tar tid, men folk stressar ikkje av den grunn. Timane går, og Bård og eg kleiar etter å kome oss på ski.
– Ey, vi stikker a, seier Bård diskré, og gir meg blikket ein får når ein skal gjere ugang.
Me snik oss unna og går opp ei li bak i dalen.
Artikkelen fortset under! 

GEORGIA

Reise: Frå Noreg fins to gode reisemoglegheiter. Ein må reikne med ein del venting mellom landingane grunna få flygingar. 1. AirBaltic har flygingar frå Oslo via Riga til Tbilisi. Frå Tbilisi med innanriksfly til Mestia, merk kun flygingar i godt vér, offentleg minibus, kombinert tog frå Tbilisi til Zugdidi og minibuss eller privat transfer til Svaneti. 2. Wizzair har flygingar frå Sandefjord, Stavanger, Bergen og Ålesund via Warszawa, Katowice eller Vilnius til Kutaisi, den nest største byen i Georgia, som ligg 3,5 timers køyring frå Grand Hotel Ushba. Frå Kutaisi med innenriksfly til Mestia, offentleg minibuss eller privat transfer til Svaneti.

Sesong: Skisesongen er frå byrjinga av desember til byrjinga av april, sjølv om det også er mogleg å stå på ski tidlegare om hausten og seinare om våren og sumaren, men då ligg ikkje snøen heilt ned til Betsjvidalen.

Overnatting: Grand Hotel Ushba har ope året rundt. Fottursesongen er frå slutten av april til slutten av oktober. Hotellet har størst belegg rundt nyttår, i mars og frå midten av juni til slutten av oktober.

Rundttur: Om ein ynskjer ei grønare reise kan ein fylgje delar av ruta til Knut Hamsun som resultera i boka: «I Æventyrland», men det er ei omstendeleg og lang ferd. Ta tog til Stockholm og båt til Riga, derfrå tog via Moskva til Vladikavkaz i Nord-Ossetia, Nord-Kaukasus. Med ventetid i Moskva tar dette omlag to og eit halvt døger. Frå Vladikavkaz kan ein ta buss dei 200 kilometrane over den georgiske militærvegen til Tbilisi, vidare fem og ein halv time med tog til Zugdidi ved Svartehavet og så to og ein halv time med buss til Svaneti.

Annonse

Det snør framleis tett og det har ikkje vore noko opplette sidan me kom, så utsikta har me enno til gode å sjå. Med mykje laussnø går det seint og me er nøydde til å snu litt oppe i sida for å rekke ned igjen. Det er tidvis glissen lauv- og barskog med opne linjer i mellom, så her er det potensiale for den gode ski-køyringa me er komne for. Då me igjen er attende, har lite eller ingen ting skjedd. Eg forstår at her er klokke og tidsskjema fåfengt og berre å leggje frå seg. Svanerane har eit avslappa forhold til tid, noko som gjerne passar meg fint, men når ein fyrst er her bør ein få litt ut av dagane. Meisterskapet startar, men det er glissent på startstreken. Grunna snøvéret er det berre med lokale born frå dalen her. Ein flokk gutar og to jenter. Når dei er i mål skal det løypast stafett som me noko ufriviljuge eigentleg skal delta i, men det å gå fem mil for born med korte bein i ei rundløype tar tid. Fem timar på overtid, me drar av stad igjen.
LES OGSÅ: Østerrikes kuleste skiterreng

Frå hotellet har me sett oss ut ei open side med utsikt for djup køyring i ny og kald snø. På vegen helsar me på kyr og karar som står i vegen og slaktar ei av dei uheldige. Det sluttar å snø, vêret lettar og sola kjem fram. No med sola høgt på himmelen og fjelltoppane omkransa av kvervlande snø og skyer, ser det mest ut som me er i midt i Tolkiens Kløvendal, omkransa av Mordor-liknande fjell, så mørke, brutale og massive at eg nesten forstår at dei lokale behøver religion for å avlaste sitt sinn. Her heng igjen ei førkristen, heidensk gudetru, blanda med den ortodokse kristendomen, noko som er særeige for Svaneti. Den øvre og omkringliggjande ortodokse kyrkja tykkjer ikkje særleg om dette og motarbeider difor svansk språk og kultur. Men svanerane er tru mot den ortodokse kyrkja si som dei supplerer med eigne gudar for fjell, vér, fangst og andre ukontrollerbare faktorar, og dei avviser hardt alle andre trusretningar. Dei er framleis noko isolerte her og slik har dei gamle tradisjonane bestått, godt hjelpt av den rike kulturen og historieformidlinga deira.  
Artikkelen fortset under!

Attende kronast dei unge meistrane etter skidagen og det er ein stolt liten flokk som blir premiert i blitsregnet til dei norske fotografane. Skitradisjonane i Svaneti var ein gong sterke, men dei har no lege brakk ei tid. Det var visst nokre gode langrennsløparar her tidlegare, med dei fekk knekken då russerane jamt var litt betre enn dei. No har Richard som driv hotellet fått sendt over ein haug med langrennski frå Noreg, og dei lokale tar det ivrig i mot. Fleire av borna har rukke å bli verkeleg gode og ei auka ski-interesse er no å sjå.

Morgonen etter står me igjen i spisestova, men no er her tomt. Kokka har forsove seg og omnen er kald, men Richard er straks i gang på kjøkkenet. Ute er det elleve minus grader, og likeeins kaldt inne, men me får fyrt opp i omnen og er straks er me i gang.

           Shako ledar veg opp Goldalen som går opp nord frå bygda Tvebisj, nokre steinkast frå hotellet. Han er sprek som eit bikkjeskinn, og me nesten småspring etter han for å halde fylgje opp sørsida.
– Eg køyrde aktivt på det svanske alpinlaget før eg byrja å røyke og høyre på hard-rock, fortel Shako.

Det ser ikkje ut som at vala hans har tærd stort på han. No går han i veg på eit par gamle randonnée-ski med klistremerker frå Oslo sportslager og midtbreidde på 82 millimeter. Tuppen er knekt og Dynafit-bindingane heng i hop med ståltråd. Han er borneborn av fjellklatraren Sjalva Margiani som gjorde nybrottsarbeid i Kaukasus, og som klatra nasjonalfjellet Ushba på 4710 moh. for deretter å høvle over ei russisk klatrarinne på toppen.
– Draumen min er å ein dag klatre Ushba, seier han, som bestefar hans før, og eg ser stadig Shako vender synet sitt mot den karakteristiske, kvasse to-hovuda toppen, høgt der oppe i nord. Terrenget i høgda er alpint og ser ”Chamonix-aktig” ut med sine pinaklar og arêter, men her me går under skogrensa på om lag 2400 moh., er bakkane konvekse med kollar som innbyr til hopp og leikne linjer. På vegen passerar me eit vitnesbyrd om pre-likestilling; ei gamal, lita kyrkje som har åtgang forbode for kvinner ­– for dei er oppført eit skjul til å vente i medan karane er i kyrkja.
Artikkelen fortset under!

Det er påske og sola steiker høgt på himmelen her på 43 grader nord, og snøen byrjar å bli vél tung. Fjellsidene me har over oss heng høgt, og fleire stadar ser me dei byrjar å sleppe kramskred, så me snur ende over tregrensa. Utsikten sør mot ”Peak Laila”, med svære fjellsider, draperte med spines som eg før berre har sett på film frå Alaska, får meg til å glise, før eg vender skia ned mot dalbotnen igjen. Vinden har fint lagt frå seg snø-lepper langs heile linja mi ned, så eg kan plukke ”hits” heilt til snøen blir så kram at den trugar med å gje meg dei kjennelege tryna ein berre greier med laus hæl.

Då eg med ku-lort til knes går heimvegen gjennom bygda, kjenner eg meg som plassert i mellomalderen. Husa syner preg av å ein gong ha vore solide og gjennomførde, nokre mura av stein, andre lafta med fint tømmer. No er dei lappa med allslags rask og mange av taka er tekte med asbest. Eg las om ein lokal helt som vart 125 år gamal, men slike tilfelle er historie no, noko asbesten kanskje bør ta ein del av skulda for.
Eg kan tre ord på russisk, ingen på georgisk og endå færre på svansk, så eg mumlar berre lågt med barten framfor kjeften då eg møter lokale etter vegen. Dei fleste vaksne snakkar russisk i tillegg til svansk og georgisk, medan dei unge no lærer engelsk. Dei er alle svært venlege, til og med dei svære kyrne treng berre eit lite klapp i sida før dei let meg passere. 
LES OGSÅ: Portrett av Johanna Stålnacke

Attende ved hotellet ligg den nye venen min og søv på jakka mi. Han heiter Omar og er ein hjulbeint liten hund med nase for matpakker og ”Douchebags”, som han søv i kvar natt. Nokre latviske fotturistar tok han for nokre år sidan med frå ein nabodal då dei syntes moro i han, sidan har han budd på hotellet.
Artikkelen fortset under!

 

Etter ei kald natt legg me i veg frå hotellet før sola står opp. Herfrå trammen kan me ta på oss skia og gå i alle himmelretningar, men med utsikter for ein minst like varm dag som gårsdagen, vel me å gå nordsida med ei von om kaldare snø. Det går ein gamal hesteveg me fylgjer opp gjennom ein stor og vakker urskog med høge, grove bartre som minner om skogen i Nord-Amerika. Sola kastar strålar inn mellom den glisne skogen og lyser opp putelinjer. Bård synes likevel det er litt for tett enkelte stadar.
– Heime i Sogndal tynnar me ut og ryddar slike linjer for å betre skikøyringa, seier han til Shako, men han ser rart på oss og forstår ikkje. Skogen er ein så viktig del av næringa deira at det å hogge tre med berre skikøyringa som formål, høyres surrealistisk ut for han.

Me er på veg opp mot ”Himmelberget” på 2500 moh. for å køyre ein variant ned til parallelldalen lenger sør, men eg er nøyd til å gå ut or fellesporet for å køyre ei linje ned gjennom den opne storskogen. Eg pumpar pudder med opne glidelåsar etter gåinga og fyller buksa med fjørlett laussnø, men det smeltar fort vekk når eg etterpå må legge i veg for å ta att Shako.

Annonse

Me fylgjer passet som går som eit dele mellom dalen i sør me seinare skal ende opp i, og den hotellet ligg i botnen av. Nedanfor ligg snøen i ryggformasjonar og vindlepper, og eg tippar skia mine utfor i dal-retninga. Snøen er tydeleg sol-påverka så eg må jobbe for å halde flyten, og då eg etter få meter pressar skia opp i ein sving langs ein rygg, knekk all snøen opp rundt meg og blir til ei tung, pressande masse som held fast i skia mine. Det er ikkje store sida så eg får elta meg vekk or ras-tunga – snøen er ikkje som den burde ha vore. Snurt over dei vanskelege forholda samlar eg meg og går opp igjen for å gje det ein ny sjanse, etter litt grubling. Litt bortanfor ligg ei side meir vest-vendt som enno ikkje har rukke å bli gjennombløytt av sol, og eg vel ei linja som inneheld ein liten knaus eg reiknar for trygg som eg kan dra innom for ein eventuell utgang om snøen igjen skulle sleppe. Etter nokre store svingar stoggar eg der, og ting kjennes greitt ut, så eg held fram og sender ein tre’er ut kulen. I unnarennet kjenner eg korleis massane leikar ein stad bak meg, så eg peikar skia ut mot flaten i botn. I det eg satsa på kulen, fjernutløyste eg skred i både over- og unnarennet med litt for store brotkantar. Av laget sjåast mildvér for ei stund sidan, før det igjen har frose på, etterfylgd av nysnøen som kom.
Artikkelen fortset under!

Med ei kjensle om at dagens risikokvote er brukt opp, sklir me ut og køyrer det seiste stykket i vårslusj ned i dalen. Omar har sprunge med oss heile vegen på sine korte bein, så han får henge på armen av Bård den seiste biten ned til bygda som også har fleire av dei høge, smale tårna Svaneti-regionen er kjend for. Mange av dei er opp til tusen år gamle, og kvar familie med respekt for seg sjølve åtte sitt eige tårn, som forsvarsverk, oppført med godkjenning av den lokale landstyraren. Framfor eit av dei ravar ein lokal kar med lêrbelte i handa. Anden hans er nok til å bli svimmel av der han huvar og slår ut mot den digre hunden sin som har fått både øyro og rova avskore. Vegen me går på er dårleg og fylt med søyle og lort, utan grøfter, som alle andre vegar her ­– han hadde gjort betre i å reparere vegen sin enn å dengje bikkja.

Etter eit rykte om tom ølbehaldning på hotellet, stoggar me på den lokale ”supermarknaden” for eit innkjøp. Det er ein liten betongkloss på kanskje tolv kvadrat, der ein får kjøpt dei viktigaste basisvarene – øl, tobakk og mjøl. Vel framme ved hotellet med posen full av murarar, står eit digert helikopter parkert utanfor. Det er eit guideselskap som er innom på lunsj med sine gjester. Dei flyg frå Mestia, den næraste byen med gruppene sine, forbi Grand Hotel Ushba, inn i enden av Betsjvidalen og opp i dei høge fjella mot den russiske grensa. Tidlegare på dagen flaug dei inn Fabian Lentsch med sitt Red Bull-lag og no er dei der inne i dalen ein stad og filmar. Nokre av dei andre hotellgjestene har i dag gått på ski inn i enden av dalen og dei fortel om ferske bjørnespor. Richard har sett bjørn i området og han høyrer ofte ulven hyle om kveldane.   
– Dyrelivet her er vilt og for ikkje mange år sidan gjekk det også leopardar i desse fjella, fortel han.

LES OGSÅ: Den første svingen på Pawal Himal

Det er ikkje berre fjell for randonée og alpinisme i Svaneti, inn under fjellet Tetnuldi (4858 moh.) ligg Svaneti sitt største skianlegg. Det opna no denne vinteren og skal etter planen byggjast vidare ut og bli eit ”mekka for frikøyrarar”. Foreløpig er det berre i testfasen, men det nord-vendte anlegget i det digre fjellmassivet er noko ein bør merkje seg. Kanskje mest for små heiskøar, rimeleg heispass og ein sesong som varer heilt frå november til mai. Ein liten køyretur opp frå den næraste byen, Mestia, som Bård trudde betydde minibuss på Georgisk, ligg skianlegget Hatsvali. I løpet av natta har det kome eit dump frå Svartehavet i vest og det snør framleis tett når me set oss på fire-seteren, etter å ha betalt 20 lari for eit dagskort, noko som tilsvarar omlag 70 norske kroner. Her er ein stolheis med høgdeforskjell på 482 meter og det minner mykje om eit typisk norsk anlegg, i alle fall eit bra eit. Shako og ein lokal frikøyrar og politimann frå Mestia ledar ann ut frå toppstasjonen, og me endar opp ved inngangen til eit stort skogsfelt. Det er akkurat så ope at ein held flyten nedover og stadig treffer me nedsnødde rotvelter og falne tre som ligg klare som springbrett og puter. Etter nokre turar finn me ut at anlegget er fylt med ”gunneruns”, løypene me elskar heimafrå som best køyrast med hovudet under armen, og dei lokale har i god stil oppretta ulike manndomsprøver der blant anna cat-tracken skal “gapast”, og dei få som har tatt han endar opp som dagens snakkis nede i byen.
    Eg stoppar ved sidan av Shako som står på ein kryssande traktorveg i skogen. Forbi oss går nokre digre spor eg ikkje kan plassere.
– Kva for spor er dette, spør eg han.
– Det er antakeleg berre ein ulv som har gått forbi her, seier han, utan ei mine, og eg innser kor fjern og eventyrleg denne staden er.
Artikkelen fortset under!

 

Eit lite stykke lenger vest ligg ligg Ushguli, Europas høgst bufaste bygd på 2200 moh. Kan me få satt nokre svingar midt i Svaneti sitt nasjonalsymbol, vil det vere sjølve avtrykket me set igjen etter oss. Og kjem me i frå det utan å verte jaga, vil det vere beviset på at vår moderne skikøyring vert akseptert her. Vegen dit er berre sju mil lang, men den tar over fire timar i høge firehjulstrekkarar på ein veg så skakk at klinometeret i bilen nesten trillar rundt. På eit tidspunkt stoggar bilen framføre oss då fleire av passasjerane ikkje lenger tør sitje på og vel å heller gå eit stykke. For få år sidan var det ikkje tilrådd for turistar å dra langs desse vegane, og i fleire svingar ser ein minnesmerke etter at folk har blitt drepne av den farlege vegen.
    Vel framme syner gradestokken pluss og snøen er tung og våt. Midt i byen står ein høg kolle med eit svansk tårn på toppen, sjølvaste dronning Tamar sitt, som regjerte for 900 år sidan og som i dag prydar 50-lari settelen. Eg tar på meg skia og går opp dit. Det er ikkje kvar dag folk ser skikøyrarar i bygda, og innan eg er klar til å køyre sida har eg heile den lokale skulen og dei næraste bøndene som publikum, i tillegg til fleire kameralinser vendt mot meg enn eg før nokon gong har sett. Eg rekk å setje ein sving i toppen før den kramme snøen låser skia mine og eg forstår at eg no berre må fylgje tyngdekrafta. I botnen avsluttar sida ut ein fjellskrent som endar ned i vegen, og eg høyrer nokon rope i det eg klaskar i bakken. Ein mann kjem springande mot meg og eg forventar å få juling for at eg har skjemda ein heilag grunn, eller noko liknande.
– It’s alright! Ropar Bård til han, men han er berre redd for at eg har skamslege meg. Eg reiser meg fort og går, med eit litt svekka sjølvbilete. Det var ikkje akkurat dette ettermælet eg tenkte og leggje att, men eg fekk i alle fall bekrefta deira venlegheit.
    Etter at den vesle byen fekk Unesco-status fins her mange gjestestover og hotell, og me har blitt invitert på middag hjå ein grensevakt og hans familie. Inne i ei mørk kro sit mor hans og steiker mat på vedomnen og stovebordet er så fullt at ein liten familie sikkert kunne levd på det ein vinter. Grensevakta sjølv dreg fram ein suspekt, grøn plastdunk og syter for at me aldri ser botnen i glasa våre.

Ved reisa si ende står Shako og helsar oss farvel med eit lukkeleg andlet, Bård har gjeve bort skia sine, og han er allereie i gang med å tilpasse bindingar og leggje planar for neste skidag.
– Kameratane mine vil ikkje tru meg, seier han oppglødd. Og då me forlèt Grand Hotel Ushba, er det med ei lita flaske viss innhald er grønt på innerlomma frå grensevakta i Ushguli for ei behageleg og slørauga heimreise. Det har vore ei innhaldsrik veke så eg fell djupt ned i bussete så snart me startar på den lange vegen heim. Stundom opnar eg eit auge og ser korleis bussen svingar seg forbi svære kampesteiner som ligg tunge på den kronglete vegen, men eg er for trøytt til å reagere og synet har vorte for kvardagsleg å reikne. På innsida av augneIoka ser eg fjell som skal klatrast og linjer som ventar på og bli køyrd. Det er mykje ugjord i dette eventyrlandet, men eg veit at eg snart skal køyre desse vegane igjen og det ugjorde skal gjerast gjord.

 
 
VIS KOMMENTARFELT
Annonse