SPEKTAKULÆRT: Thomas Walder flyg mot mål i det siste og svært spektakulære stryket under brattpadlekonkurransen King of the Alps et slags EM i bratt elvepadling. Foto: Flo Smith

Alpekongene

Dag Sandvik tok ein finfin sjuande plass i europameisterskapet i bratt elvepadling.

Midt mellom grøne epletre og modne morellar, lengst nord i Italia, renn elva Passer. Passer skjer seg delvis i bratte juv gjennom Passeiertal, og er vorte arena for europameisterskapen i bratt elvepadling. Ettersom brattpadling ikkje vert styrt av noko internasjonalt forbund, må titlar som «verdsmeisterskap» og «europameisterskap» stadig legitimerast gjennom å trekke det beste utøvarane og eit breitt spekter av deltakarnasjonar. Med 140 deltakarar frå 16 land, er King of the Alps på veg til å etablere seg som eit legitimt europameisterskap. I herreklassen har ein eit bra meisterskap med 77 startande, inkludert dei største profilane.

I Passeiertal er det tysk som er språket, men det er alt anna enn tysk presisjon som prega første konkurranse, massestarten. Her vert samtlege deltakarar send ut samstundes ned 7 km med grad 3-4 padling. Etter ein kamp med stor underhaldningsverdi, var del 1 av meisterskapen ferdig. I kano-, junior- og dameklassen er resultata basert på massestarten, medan vinnaren i herreklassen er kåra etter samanlagtresultata av massestarten og time-trialen lengst oppe i dalen, i Moos.

MASSESTART: Action og ein god del stress når haugevis av padlere starter samtidig i samme stryk. Foto: Flo Smith

Elvestrekket i Moos er vert av mannen med den sure fjerdeplassen, Nicolas Caussanel, klassifisert som den heftigaste i heile det europeiske sirkuset: «Dette er brattare og meir kontinuerleg enn Sick Line. Særleg avslutningsstryket er i særklasse». Vassføringa steig i takt med temperaturen, og då finalerundane gjekk av stabelen fekk tilskodarane sjå ein fest av feite linjer, knallhard kniving og nokre dramatiske velt. Noreg sin deltakar, det var meg, låg som nummer 7 etter massestarten og leverte litt av alt i finalane. Første finalerunde gjekk bra, med reine linjer heile vegen. Men i runde nummer to gjekk eg på ein velt midt i målstryket der publikum var samla. Ikkje så bra for resultatet – sjuande plass total – men eit sterkt bidrag til underhaldninga.

KREVENDE: Padlinga i konkurransen King of The Alps er ikkje særleg enkel. Norske Dag Sandvik endte på sjuande plass. Foto: Flo Smith 

Herreklassen vart vunne av Michele Ramazza, med Daniel Klotzner og Eric Deguil på dei neste plassane. Andi Brunner på 19 år stod likevel for den mest omtala prestasjonen med sin fjerdeplass i finalerunden og sjetteplass totalt. Dameklassen vart vunne av Pavlina Zasterova, med Marieke Vogt og Jana Joeresen på andre og tredje. King of the Alps er ein del av den europeiske cupen som no flytter seg til Voss og Ekstremsportveko som går av stabelen frå 25. juni til 2. juli.

Sjå fleire bilder frå konkurransen i galleriet under!

Annonse
 
 
VIS KOMMENTARFELT
Annonse
Annonse