TRENING: Dag Sandvik på treningstur på veg ned stryka i Italia. Foto: Karel Harant

Åttande best i elve-mølja

Dag Sandvik bloggar med skråblikk frå Europas råaste brattpadlekonkurranse der han endte på 8. plass.

King of the Alps har i mange år vore den sjølverklera europeiske meisterskapen i ekstrempadling, lokalisert så langt inne i den italienske fjellheimen at folk pratar tysk. Konkurransen er nok den mest prestisjefylte av dei europeiske elvepadlekonkurransane, noko som er tungt å innsjå for ein Veko-patriot, som underskrivne trass alt er. 

Gleda, alvoret og kaoset er openbert på laurdag morgon når 120 vaksne menn 20 vaksne kvinner og ein handfull juniorar og galningar i open kano gjer seg klare til ein massestart som er av dei aller sprøaste hendingane sidan fjorårets black friday sal på Lagunen storsenter. Alle er overgira på å få ein rask start, ingen veit heilt når startskotet går og straumen er akkurat sterk nok til å få gode og kjekke padlarar til å miste både teknikk og verdigheit. Den som berre hadde vore tilskodar.

Her bør lesaren stogge litt og visualisere ein 20 minutt lang brytekamp på elva, og vidare vere takksom for at me no hopper rett til målgang der italienaren Daniel Klotzner leier inn til ein imponerande heimesiger i maraton racet som også er kvalifisering til finalane seinare på dagen. Underskrivne berger inn ein finaleplass, medan norsk-franske Capucine Thomas-Lepine ror i land ein sterk 10.plass i kvinneklassen.

Elva som er arena for finalane svinger seg vakkert oppgjennom ein intens alpeidyll over både kampesteinar og grunnfjell. 20 senior herrer skal først verte 10 før dei seks raskaste skal flotte seg i kampen om kongetittelen. Publikum har i sin skamlause skadefryd samla seg ved målgang der vatnet, vår herre eller universets aura (kven enn du måtte ha mest tiltru til) har forma ei sklie som sender ein kvar padlar flygande inn i eit tre sekunders kaos, der ein stort sett kjem flygande ut att med ære og fingre intakt. 

Elva skuffa ei heller i år, og opptil fleire kvalitetspadlarar vart til underhaldning på linje med deltakarar i japanske game show, i nokre få dramatiske sekund. Sigrande ut gjekk iallefall austerriske Mario Leitner, som parkerte Jonas Le Morvan og Andi Brunner på 2. og 3. plass. Underskrivne enda på den lett salte 8. plassen, noko ein både kan kimse og la vere å kimse av.

Annonse
Annonse
Annonse